onsdag 28. oktober 2015

Ungdomskultur


Ungdomskultur er ein kultur av og for ungdom. Ungdommane er ikkje lengre barn men heller ikkje heilt vaksne. Vi tenkjer og på ungdomskultur som noko som skiljar ungdom frå barndom og voksenverden. I ungdomstida må ein ta fleire val på eiga hand. Ein får meir ansvar og riv seg litt meir ifrå foreldra enn det ein har gjort fram til nå. Ein vel kva ein vil gå med, kva musikk ein vil høyre på og kven ein vil ver med. Ungdomstida er ein oppvarming til vaksenlivet og det er nå ein finn ut kven ein er og kven ein vil ver.

Ungdoms kultur haldt fram på 1950-tallet når den vestleg verda fekk betre økonomi. På denne tida vaks det fram ein ny musikkform kalla rock. Rock var svært populær og påverka og kleds-stilen til mange. Olabukser og skinnjakker var veldig «inn».



Bildar:
  • https://jojotrill.wordpress.com/2014/09/10/slang-og-uttrykk/

tirsdag 27. oktober 2015

Klassemiljøet i 9CD


For å få eit bra klassemiljø må alle ta og gi og må være snille med alle. Det er viktig å ikkje le av andre når dei gjer feil, men det må ver opent for litt tull og tøys når det passar seg. Eit godt klassemiljø er veldig viktig. For at me skal kunne lære mest mogleg er det viktig at me er trygge på dei andre elvane og lærarane. Er ein trygg i klassen sin vil ein automatisk vere meir aktiv i timane og ein vert betre på presentasjonane. Har ein eit godt klassemiljø er det lettare å like skulen.

For å få eit betre klassemiljø må alle vere med å gje ein innsats. Viss bare 5 stykk prøvar går det ingen vei. Tenker du at å hu hadde ein kjempebra presentasjon, så sei det, det kan og være med på å få eit betre klassemiljø. Ein kan kanskje reise på litt fleire turar og gjer meir saman for å få eit betre klassemiljø. 


Bildar:
  • http://www.ung.no/mobbing/

tirsdag 20. oktober 2015

OD-dagen


OD-dagen står for operasjon dagsverk. Operasjon dagsverk er eit årlig prosjekt der 100 000 elever bruker ein dag av utdanninga deira til å samle inn omtrent 30 millionar kroner til utdanning og utviklingsprosjektet.

Dette året går pengane til Amnesty International. Amnesty vil bruke pengane til å styrke dei seksuelle og reproduktive rettane til ungdommar i Argentina, Chile og Peru. Dei vil også styrke rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.

Eg gleder meg veldig mykje til årets OD-dag. Det er godt å kunne gjera noko anna og av og til. Eg syntes også at det er morosamt og kunne hjelpe nokon som ikkje har det å godt som meg, det gjer meg ein følelse om at eg og faktisk er med og gjer ein forskjell.

Sist år var eg på ein frisørsalong og likt meg der, men i år har eg tenkt å gjere noko anna. Eg har tenkt å kanskje gå ned på bakaren å spørje om eg kan være der, men sidan eg syntes det er litt skummelt å spør kan det være at eg berre vert heime og vaskar eller noko sånt.






tirsdag 13. oktober 2015

Menneskerettar 



Menneskerettar er dei grunnleggjande rettane alle menneske skal ha uavhengig av kjønn, alder, religion eller nasjonalitet.

Viss nokon hadde spurt meg om kva menneskerettane går ut på ville eg nok svart «menneskerettane er at alle har rett på ein plass å bu, rett til utdanning, arbeid og ytringsfridom».

Alle menneskar er like mykje verd og derfor er det bra at det fins rettar som gjelder ALLE menneskar. Dessverre blir disse rettane brotne dagleg, FN kan bruke militære middlar for å gripe inn ved svært alvorlige tilfelle.

Desse rettane er nødvendige for at eit menneske skal kunne leve eit godt og verdi liv.