RUS OG
PSYKISK HELSE
Dei neste vekene skal me ha eit prosjekt
som handlar om rus og psykisk helse. Dette skal me ha om i norsk, samfunnsfag,
KRLE og naturfag. Difor blir det ein del innlegg knytta dette. Alkohol er eit
rusmiddel ein kan finna i blant anna antibac, kosmetikk og bensin, men om ein
høyrer ordet alkohol tenker ein naturleg vis meir på øl, sprit og vin og det er
denne typen alkohol eg skal fokusere på i dette innlegge.
I alkohol er det eit rusverkande stoff med
namn etanol. Når ein er alkoholpåverka får ein betre sjølvtillit, ein tiss
meir, ein vert påverka av mange hormon og somme kan verte veldig aggressive. I
rusa tilstand får ein dårlegare balanse og hukommelse enn det ein vanlegvis
vill hatt i edru tistand. Dømmekrafta kan bli svekka dermed kan ein kan gjere
dumme ting, ting ein vanlegvis ikkje ville gjort ellers.
For mykje alkohol kan vere skadeleg for
kroppen, og meir enn 60 sjukdommar er knytte alkoholbruk (Ekeland, s.76). Ein
av desse sjukdommane er skrumplever. Har ein skrumplever vert levra liten, hard
og mistar evnene til å utføre oppgåvene sine (Ekeland, s.77). Ryggmargen og
nervesystemet kan verta skada og dette kan føre til muskelkrampar i beina,
svakare muskaler og nedsett hud kjensel. Når ein når 3 i promille er
veslehjernen blitt alkoholforgifta, muskelkontrollen vert svekka og ein kan
også verte lamma slik at pusten stoppar og ein døyr (Ekeland, s.75).
Om ei gravid dame drikk alkohol, vil
fosteret få same promille som mora (Ekeland, s.72). Dersom fosterhjernen er
påverka av alkohol når cellene veks kan både bygnaden og funksjonen til hjernen
få alvorlege skadar. Barn som er utsette for alkohol under svangerskapet kan
blir forsinka i utviklinga på fleire område (Ekeland, s.73). Alkoholskada barn
kan blant anna få lære og konsentrasjonsvanskar og fungere dårleg sosialt.
Lova seier at ein må være 18 år for å
kjøpe og drikke øl og vin og 20 for brennevin, allikevel så er gjennomsnittsalderen
for å drikke vin og brennevin for første gong 14-15 år (Ekeland, s. 73). Sjølv
om det er mange unge som prøver alkohol tidleg er det og ein del som takkar
nei. Viss ein begynner å drikke alkohol i tidleg alder har ein og større sjanse
for å verte alkoholavhengig seinare i livet. Dess tidligare ein begynn, dess
større sjans har ein for å bli avhengig seinare.
Kjelder:
- Ekeland, Per Roar, Tellus 9, Aschehoug, 2007
Bldar: