onsdag 4. november 2015

UNGDOM OG KROPP


Det er ikkje bare lett og vere ungdom den dag i dag. Kroppspresset rundt ungdom har tatt heilt av, og det hjelp ikkje når ungdomsblad, vekeblad og butikkar bruker veltrente, slanke, pene og vellykka personar for å reklamere for ulike produkt. Dette gir oss ein «mal» eller eit «ideal» om korleis ein skal sjå ut.

Anoreksi og bulimi er to vanlege eteforstyrringar blant ungdom. Desse sjukdommane er mest vanlege hos jenter, men det er og mange gutar som blir ramma. Anoreksi er ein livstruande sjukdom som ikkje går bort av seg sjølv, men med riktig behandling er det gode sjansar for å bli heilt frisk. Ein person med anoreksi ser på seg sjølv som overvektig, sjølv om ho/han eigentleg er undervektig. Ein har ein frykt for å gå opp i vekt og slutter dermed å ete. Ein med anoreksi kan aldri bli tynn nok.

Mange gutar lider av magerksi. Ein trener og trener men får aldri store nok musklar. Normal trening er godt for deg, men det er ikkje bra og la trening bli din største prioritet.  I verste tilfelle kan magerksi føre til at ein begynner med anabole steroid og dopingmiddlar.

Den dag i dag har kirurgane kome langt og det er mogleg å endre på utsenet sitt om ein ikkje er nøgde med det.  Mange personer tar operasjoner, silikon eller sprøyter inn  botox for å få det perfekte utsenet.


Bildar:
  • http://karoline.femelle.no/2013/09/26/nar-er-man-bra-nok/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar