tirsdag 3. november 2015

RUS OG PSYKISK HELSE


Dei neste vekene skal me ha eit prosjekt som handlar om rus og psykisk helse. Dette skal me ha om i norsk, samfunnsfag, KRLE og naturfag. Difor blir det ein del innlegg knytta dette. Alkohol er eit rusmiddel ein kan finna i blant anna antibac, kosmetikk og bensin, men om ein høyrer ordet alkohol tenker ein naturleg vis meir på øl, sprit og vin og det er denne typen alkohol eg skal fokusere på i dette innlegge.

I alkohol er det eit rusverkande stoff med namn etanol. Når ein er alkoholpåverka får ein betre sjølvtillit, ein tiss meir, ein vert påverka av mange hormon og somme kan verte veldig aggressive. I rusa tilstand får ein dårlegare balanse og hukommelse enn det ein vanlegvis vill hatt i edru tistand. Dømmekrafta kan bli svekka dermed kan ein kan gjere dumme ting, ting ein vanlegvis ikkje ville gjort ellers.

For mykje alkohol kan vere skadeleg for kroppen, og meir enn 60 sjukdommar er knytte alkoholbruk (Ekeland, s.76). Ein av desse sjukdommane er skrumplever. Har ein skrumplever vert levra liten, hard og mistar evnene til å utføre oppgåvene sine (Ekeland, s.77). Ryggmargen og nervesystemet kan verta skada og dette kan føre til muskelkrampar i beina, svakare muskaler og nedsett hud kjensel. Når ein når 3 i promille er veslehjernen blitt alkoholforgifta, muskelkontrollen vert svekka og ein kan også verte lamma slik at pusten stoppar og ein døyr (Ekeland, s.75).

Om ei gravid dame drikk alkohol, vil fosteret få same promille som mora (Ekeland, s.72). Dersom fosterhjernen er påverka av alkohol når cellene veks kan både bygnaden og funksjonen til hjernen få alvorlege skadar. Barn som er utsette for alkohol under svangerskapet kan blir forsinka i utviklinga på fleire område (Ekeland, s.73). Alkoholskada barn kan blant anna få lære og konsentrasjonsvanskar og fungere dårleg sosialt. 


Lova seier at ein må være 18 år for å kjøpe og drikke øl og vin og 20 for brennevin, allikevel så er gjennomsnittsalderen for å drikke vin og brennevin for første gong 14-15 år (Ekeland, s. 73). Sjølv om det er mange unge som prøver alkohol tidleg er det og ein del som takkar nei. Viss ein begynner å drikke alkohol i tidleg alder har ein og større sjanse for å verte alkoholavhengig seinare i livet. Dess tidligare ein begynn, dess større sjans har ein for å bli avhengig seinare.




Kjelder:

  • Ekeland, Per Roar, Tellus 9, Aschehoug, 2007
Bldar:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar