torsdag 5. november 2015

RØYKING



Det er ikkje å legge skjul på at når mine besteforeldre og foreldre var unge var det veldig kult å røyke, det gav ein slags status. Før var det heilt normalt å røyke innandørs, men etter som tida gjekk og me fekk meir kunnskap, finn me ut at røyking er svært skadeleg for deg og dei rundt deg. Dei rundt deg kan nemleg oppleve passiv røyking og det er like farleg som vanleg røyking.

Mykje av grunnen til at vi har endra holdningane våre til røyking er at mange no om dagen er fokuserte på å vær i god form, ha eit godt kosthold og sjå «fresh» ut. Røyking gjer deg ikkje akkurat noko meir «fresh». Den største grunnen til at me har endra holdningane våre til alkohol er at det er så skadeleg at ein heller veljar å ikkje røyke. Mange som ikkje røyker kan sjå på dei som røyke som litt «dumme».


Kjelder:

  • Ekeland, Per Roar, Tellus 9, Aschehoug, 2007
Bildar:
  • https://roykeslutt.wordpress.com/2010/04/

onsdag 4. november 2015

UNGDOM OG KROPP


Det er ikkje bare lett og vere ungdom den dag i dag. Kroppspresset rundt ungdom har tatt heilt av, og det hjelp ikkje når ungdomsblad, vekeblad og butikkar bruker veltrente, slanke, pene og vellykka personar for å reklamere for ulike produkt. Dette gir oss ein «mal» eller eit «ideal» om korleis ein skal sjå ut.

Anoreksi og bulimi er to vanlege eteforstyrringar blant ungdom. Desse sjukdommane er mest vanlege hos jenter, men det er og mange gutar som blir ramma. Anoreksi er ein livstruande sjukdom som ikkje går bort av seg sjølv, men med riktig behandling er det gode sjansar for å bli heilt frisk. Ein person med anoreksi ser på seg sjølv som overvektig, sjølv om ho/han eigentleg er undervektig. Ein har ein frykt for å gå opp i vekt og slutter dermed å ete. Ein med anoreksi kan aldri bli tynn nok.

Mange gutar lider av magerksi. Ein trener og trener men får aldri store nok musklar. Normal trening er godt for deg, men det er ikkje bra og la trening bli din største prioritet.  I verste tilfelle kan magerksi føre til at ein begynner med anabole steroid og dopingmiddlar.

Den dag i dag har kirurgane kome langt og det er mogleg å endre på utsenet sitt om ein ikkje er nøgde med det.  Mange personer tar operasjoner, silikon eller sprøyter inn  botox for å få det perfekte utsenet.


Bildar:
  • http://karoline.femelle.no/2013/09/26/nar-er-man-bra-nok/

tirsdag 3. november 2015

RUS OG PSYKISK HELSE


Dei neste vekene skal me ha eit prosjekt som handlar om rus og psykisk helse. Dette skal me ha om i norsk, samfunnsfag, KRLE og naturfag. Difor blir det ein del innlegg knytta dette. Alkohol er eit rusmiddel ein kan finna i blant anna antibac, kosmetikk og bensin, men om ein høyrer ordet alkohol tenker ein naturleg vis meir på øl, sprit og vin og det er denne typen alkohol eg skal fokusere på i dette innlegge.

I alkohol er det eit rusverkande stoff med namn etanol. Når ein er alkoholpåverka får ein betre sjølvtillit, ein tiss meir, ein vert påverka av mange hormon og somme kan verte veldig aggressive. I rusa tilstand får ein dårlegare balanse og hukommelse enn det ein vanlegvis vill hatt i edru tistand. Dømmekrafta kan bli svekka dermed kan ein kan gjere dumme ting, ting ein vanlegvis ikkje ville gjort ellers.

For mykje alkohol kan vere skadeleg for kroppen, og meir enn 60 sjukdommar er knytte alkoholbruk (Ekeland, s.76). Ein av desse sjukdommane er skrumplever. Har ein skrumplever vert levra liten, hard og mistar evnene til å utføre oppgåvene sine (Ekeland, s.77). Ryggmargen og nervesystemet kan verta skada og dette kan føre til muskelkrampar i beina, svakare muskaler og nedsett hud kjensel. Når ein når 3 i promille er veslehjernen blitt alkoholforgifta, muskelkontrollen vert svekka og ein kan også verte lamma slik at pusten stoppar og ein døyr (Ekeland, s.75).

Om ei gravid dame drikk alkohol, vil fosteret få same promille som mora (Ekeland, s.72). Dersom fosterhjernen er påverka av alkohol når cellene veks kan både bygnaden og funksjonen til hjernen få alvorlege skadar. Barn som er utsette for alkohol under svangerskapet kan blir forsinka i utviklinga på fleire område (Ekeland, s.73). Alkoholskada barn kan blant anna få lære og konsentrasjonsvanskar og fungere dårleg sosialt. 


Lova seier at ein må være 18 år for å kjøpe og drikke øl og vin og 20 for brennevin, allikevel så er gjennomsnittsalderen for å drikke vin og brennevin for første gong 14-15 år (Ekeland, s. 73). Sjølv om det er mange unge som prøver alkohol tidleg er det og ein del som takkar nei. Viss ein begynner å drikke alkohol i tidleg alder har ein og større sjanse for å verte alkoholavhengig seinare i livet. Dess tidligare ein begynn, dess større sjans har ein for å bli avhengig seinare.




Kjelder:

  • Ekeland, Per Roar, Tellus 9, Aschehoug, 2007
Bldar: